torsdag 10. desember 2009

Vandringar i skuggeheimen


Eg møtte venen min, Gjertsen, attmed lysløypu. Han hadde lykt på hovudet, og ei noko tjafsete fuglebikkje i ei snor. Bikkja heitte visst Klaus. Han snusa nokre småhundar i rova, før Gjertsen slo av ljoset, og me gjekk innover i skogen.

Så gjekk me då, i ljosløypa i Bane, bak sjukehusjordane, opp dritbakkjen, før me drog over til venstre og kom ned att i Bånetraktane.

Me var ute i over timen. Det var myrkt. Stort sett utan ljos, men når det vart så myrkt at Gjertsen bryja uroe seg over skumle våte røter, då slo han på ljoset.

Ein god tur i lett yr, tåke og trolsk stemning. Ingen grevlingjævlar å sjå.

1 kommentar:

DE sa...

Ja det er mørkt for tiden. Fristende å bruke lykt, men er vel bedre for nattesynet å la være.

Tror jeg må få tatt en tur selv snart.